I Sauda er det 5 stader ein kan gifte seg. Det er i Sauda Kyrkje, Saudasjøen kapell, Hellandsbygd kapell, Middelalderkyrkjegarden i Saudasjøen og på Tveit-tunet. Om ein ønsker å gifta seg andre stadar, kan ein søkja soknepresten/prosten om dette.

Bryllup er høgtid og fest med familie og venner eller kun dei aller næraste. Uansett er det mange som planlegg i god tid. Derfor er det viktig å kontakte kyrkjekontoret  så snart som råd er i prosessen for å sjekke at den aktuelle dagen er ledig. Ein bør og ta kontakt med forretande prest for å ordne formalitetane.
Ta kontakt med sokneprest Espen Gya på telefon 415 19 913 eller ring kyrkjekontoret på tlf 400 35 642. Ein kan sjølvsagt også nytta e-post: post@sauda.kirken.no

«Vigsler skal skje i kyrkje eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen  kan brukast til vigsel, jf. Allmenne føresegner for vigsel pkt.3. Stavanger Biskop har delegert til prostane å avgjera kva stadar som kan brukast til vigsel i prostiet. PER I DAG ER FØLGJANDE UTENDØRS VIGSELSSTADER GODKJENT I PROSTIET:

RYFYLKE PROSTI

  • Mølleparken, Tau
  • Jørpelandsholmen, Jørpeland
  • Dørvigå, Lysefjorden
  • Vaulali leirsted, Bjørheimsbygd*
  • Nornes, ved Jelsa kyrkje
  • Høse bru, ved Sand kyrkje
  • Vatnet ved Gullinghuset, Suldal
  • Kyrkjehaugen på Middelalderkyrkjegarden, Saudasjøen
  • Tveittunet, Sauda

Har du spørsmål, ta kontakt med din lokale kyrkjelyd eller med prost.

Design by InBusiness | Powered by i-tools.no