Då gamlekyrkja i Saudasjøen (Ytrabygdå) vart reven omlag 1870 og ny kyrkje vart bygd og innvia i 1866 på Fløstadmoen i Indrabygdå stod folket i Ytrabygda utan gudshus. Draumen om eige gudshus i Saudasjoen heldt seg levande og vona om å få eit slikt vaks da Norsk-Amerikaneren Johannes Lillerød frå Saudasjøen gav 150.000 kroneer til eit påtenkt kapell. Saka var ofte på kommunen si ynskjeliste, men det gjekk tiår etter tiår utan at ho nådde fremst i køen. Men situasjonen kjendes uhaldeleg for folk i Ytrabygda. Det var ingen stader å vera ved gravferder der ute. Ein måtte og ha andakten heime ved gravferdene som gjekk føre seg ute i friluft. Same korleis veret var.

Etter på 1960-talet var tolmodet slutt. Nå meinte folk i Saudasjøen at noko måtte gjerast. Det vart valt ei plannemd og hausten 1971 gav så kommunestyret endeleg grønt lys og stilte pengar til disposisjon. I tillegg vart det selt aktiebrev og mykje dugnad vart gjort av bygdefolket for å få byggestarten i gang. Kapellet fekk grunnflaten på 22 x 82 meter. Taket er boren oppe av laminerte berekonstruksjonar, så kyrkjeskipet er utan søyler og såleis romsleg og praktisk i brukt. Med galleriet er det plass til 260 personar. I underetasjen er det laga til ein stor og romsleg matsal med aktivitetsrom for grupper i alle aldrar, kjøkken og toalett og garderobar. Dei få tinga som er bevarte frå gamlekyrkje på Kyrkjehaugen har også fått seg plass i kapellet. I april, på første søndagen etter påske, i 1973 vart Saudasjøen kapell vigsla av biskop Hagesæther.

Saudasjøen kapell då det var ferdig i 1973

Kapellet i Saudasjøen slik det såg ut då det var ferdig. Det som har endra seg sidan er stort sett uteområdet. Frå bredt engasjement i ytrabygda til Johannes Lillerød og gamlekyrkja på Saua. Alt har funne sin plass i Saudasjøen kapell.

"Den første kyrkja i Sauda vart kanskje bygd seinast ein gong på 1100-talet, og ho var utan tvil ei trekyrkje", skriv Arnvid Lillehammer i boka Sauda kyrkje 1866-2006. Den blei reist på Kyrkjehaugen på garden Saua. Det er ikkje mykje kunnskap vi har om kyrkja på Saua. Lite er funnet av skrifter eller anna materiell som kan visa oss korleis denne eller desse kyrkjene var. Om det stemmer at kyrkja blei reist på 1100-talet så stod det kyrkjer der i omlag 750 år. I 1869 blei den riven. Ola Fagerheim er den som best gir oss eit inntrykk av korleis kyrkja på Saua kan ha sett ut. Far til Ola konfirmerte seg i denne kyrkja og han kan derfor ha hatt ei god forståing av korleis denne var.

Gamlekyrkja på Saua. Treskoren av Ola Fagerheim.

Tanken om kapell og gudshus i Saudasjøen må ha vorte meir og mindre levande heilt sidan kyrkjestaden blei flytta inn til Sauda. Johannes Lillerød var ein av dei mange som utflytta til USA. Der kalla han seg John Rudd. Han gjorde det godt innan farming og blei velståande også i amerikansk målestokk. Han døyde i 1960, men etter krigen overførte han jamnt pengar til kapell i Saudasjøen. I 1970 stod det kr 155.000,- øyremerka til dette formålet. Samstundes var det stort kyrkjelydsengasjement i ytrabygda. Det var gudstjenester i Svandal, på Saron og på Risvoll Skule. "20. november 1966 var gymnastikkhallen full av folk og sidan har det vore fullt hus til dei månadlege gudstjenestene..." Står det å lesa i heftet som blei trykt opp til vigslinga av det nye kapellet.

Kapellet i Saudasjøen har med seg fleire ting frå gamlekyrkja på Saua. To av lysestakane som i dag står på alterert er frå denne. Vidare er kneleskammelen frå gamlekyrkja. Treverket til krossen på veggen i alteret er laga av materialer frå himlingen. På eine sida av denne står årstalet 1599 og bokstavane E.R. O.L.  I underetasjen står fleire av kunstlevningar, altertavle og 2 krosshjul i kleberstein. Det er og ein monter med gamle biblar og bøker.

I Saudasjøen kapell er det plass til 260 personar. Kvart år er det 20 til 25 gudstenester. I underetasjen er det plass til 80 personer. Her er det og kjøkken og toalett. På veggene er det fleire skisser og malerier av Samuel Tveit. Underetasjen vert nytta av Saudasjøen Sanitetsforening og kapellstyret leiger denne ut til alt frå konfirmasjonsfest til minnestunder.

Saudasjøen kapell 2011

Slik ser kapellet ut sett frå sida mot Weldone ein haustdag 2011. Har ein ønske om å halde bryllup kan ein kontakte kyrkjekontoret på telefon 400 35 649. Det same nummeret kan nyttast om ein planlegger dåp eller ved leige av underetasjen.

Design by InBusiness | Powered by i-tools.no